logo002

Kort om Fotodillas fotogalleri:

Fotogalleriet er tenkt brukt til fleire formål:

- Fotodilla administrasjon kan legge ut bilder som kjem inn til fotokonkurransene våre
- Alle kan legge inn bilder på "Månadens Bilde" -galleria
- Alle kan legge inn bilder på gallerier som vi oppretter for kvar fototur
- Alle kan legge inn bilder på gallerier som vi oppretter for interne konkurranser
- Alle kan legge inn bilder på eget personlig galleri.

 

Retningslinjer:
Vi ber om at alle tek hensyn til følgande retningslinjer når dei bruker fotogalleriet:

  • Når du legg inn bilder på personlige galleri så tenk på at dette ikkje er tenkt for å legge ut ALLE bilda dine, berre dei beste.
    Plassen er begrensa, tenk kvalitet heller en kvantitet. Dette er ikkje ein stad for å lagre ALLE bilda dine, eller for å legge ut alle snapshots frå siste ferieturen.

  • Ikkje legg ut veldig mange bilder på ein gong.
    Det har synt seg at dei fleste som besøker galleriet ser på bilda under "Siste innlagte bilder", og hvis du legg ut veldig mange bilder på ein gong så "fortrenger" du alle andre brukarar frå framsida. For at "fotostraumen" under "Siste innlagte bilder" skal bli mest mulig variert er det fint om så mange som mulig er synlige, og det får vi til hvis du berre legg ut eitt, to eller maks tre bilder i slengen.
    Hvis du har fleire bilder du vil legge ut så vent heller ei stund til andre har lagt ut bilder før du legg ut meir bilder.

  • Regelen over kan tøyast litt dersom det gjeld galleri med bilder fra ein fototur, ettersom dei fleste gjerne har meir enn tre bilder dei vil legge ut frå fototuren.
    Men også her kan det være greit å tenke over om ein kanskje skal legge ut bilda i fleire omganger.