logo002

Kort om Fotodillas fotogalleri:

Fotogalleriet er tenkt brukt til fleire formål:

- Fotodilla administrasjon kan legge ut bilder som kjem inn til fotokonkurransene våre
- Alle kan legge inn bilder på "Månadens Bilde" -galleria
- Alle kan legge inn bilder på gallerier som vi oppretter for kvar fototur
- Alle kan legge inn bilder på gallerier som vi oppretter for interne konkurranser
- Alle kan legge inn bilder på eget personlig galleri.

 

Retningslinjer:
Vi ber om at alle tek hensyn til følgande retningslinjer når dei bruker fotogalleriet:

  • Når du legg inn bilder på personlige galleri så tenk på at dette ikkje er tenkt for å legge ut ALLE bilda dine, berre dei beste.
    Plassen er begrensa, tenk kvalitet heller en kvantitet. Dette er ikkje ein stad for å lagre ALLE bilda dine, eller for å legge ut alle snapshots frå siste ferieturen.

  • Ikkje legg ut veldig mange bilder på ein gong.
    Det har synt seg at dei fleste som besøker galleriet ser på bilda under "Siste innlagte bilder", og hvis du legg ut veldig mange bilder på ein gong så "fortrenger" du alle andre brukarar frå framsida. For at "fotostraumen" under "Siste innlagte bilder" skal bli mest mulig variert er det fint om så mange som mulig er synlige, og det får vi til hvis du berre legg ut eitt, to eller maks tre bilder i slengen.
    Hvis du har fleire bilder du vil legge ut så vent heller ei stund til andre har lagt ut bilder før du legg ut meir bilder.

  • Regelen over kan tøyast litt dersom det gjeld galleri med bilder fra ein fototur, ettersom dei fleste gjerne har meir enn tre bilder dei vil legge ut frå fototuren.
    Men også her kan det være greit å tenke over om ein kanskje skal legge ut bilda i fleire omganger.

 

Innlogging på fotogalleriet:

  • Klikk på "Huset" øverst på framsida på fotogalleriet
  • Logg deg inn med brukarnamn og passord
    OBS: Ver merksam på at det ikkje lenger er felles innlogging for fotodilla.no og fotogalleriet.
    Brukarnamn og passord for fotogaleriet vert administrert separat.
    Dersom du ikkje klarer å logge deg inn på fotogalleriet så send ein e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. for å få nytt passord.

Opplasting av bilder til fotogalleriet:

  • Først må du logge deg inn, sjå over.

  • Klikk så på "Huset" øverst på sida og velg "Last opp fil"
  • Velg først album fra nedtrekkslista under "Album"
  • Klikk på "Velg Bilde".

galleri lastopp1

  • Når dialogen om å velge fil kjem opp navigerer du deg til der bildet ditt ligg og velger dette. Klikk OK eller Åpne e.l. (Utsjånad på denne dialgoen vil variere avhengig av kva slags versjon av operativsystem som er på PCen din)
  • Bildet vert lasta opp, klikk på  "Fortsett" når det er ferdig lasta opp
  • Skriv inn tittel og evt. beskrivelse
  • Fullfør ved å trykke på "Lagre forandringer"

  • OBS: Maks størrelse for bilder som skal lastast opp er 2048 piksler i høgde eller bredde